IMG_2455

Knuste rute hos Trollungane

Uvisst om det er skadeverk eller innbrotsforsøk.

Politiet fekk melding om ruteknusinga rundt klokka 10.00 laurdag.

Førebels har ikkje politiet vore på staden.

– Me har dessverre sett mange slike ruteknusingar, og det er lite me kan få gjort på åstaden, seier Trond Friberg, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Viss det er eit innbrotsforsøk, på jakt etter pengar, er det, ifølge butikktilsett Marie Therese Frette, lite å henta i butikken på nattestid. Det skal ha vore mange kundar i butikken i går, fredag, og Frette spekulerer i om einkvan kan ha trudd at det då var rikeleg med pengar i kassen.

– Men me oppbevarer sjølvsagt ikkje pengar i kassen etter stengetid. Det er dagleg rutine, opplyser ho.

Frette fortel at det er lite som tyder på at folk har tatt seg inn i butikken.

– Eg kan ikkje sjå at det manglar noko og det er ryddig på bakrommet. Men viss dette er noko fyllehærverk, må vedkommande melda seg og gjera opp for seg, oppmodar ho.