IMG_2521

Kraftbransjen streikar

Utepersonellet til Haugaland Kraft og Statnett streiker i sympati.

– Alt utepersonellet til Haugaland Kraft er tatt ut i streik frå og med i dag, tysdag. Dette gjeld ti av oss i Sauda og til saman 89 Haugaland Kraft-tilsette, fortel Geir Bjarne Tveit, kraftselskapet sin kontaktperson i Sauda.

Kun ein av dei tilsett i Sauda er i vaktberedskap. Vedkommande kan bare rykka ut på oppdrag som er godkjent av streikeleiinga.

– Og kun viss det er fare for liv og helse. Går straumen heime hos deg vil du ikkje få hjelp, forklarer Tveit.

Også Statnett-tilsette i Sauda er tatt ut i streik.

– Åtte av våre tolv tilsette i Sauda er tatt ut. Me har ansvar for straumnettet i Rogaland og Hordaland og har eit par tilsette i beredskap. Me krysser fingrane for godt vêr, seier Statnetts Ole Morten Haraldsen.

Streiken som nå berører Sauda er ein såkalla sympatistreik som følge av konflikten mellom dei tilsette i it-selskapet ATEA og deira leiing. Dei ATEA-tilsette krev ein tariffavtale, men har så langt ikkje fått gehør for dette kravet. 29. april blei 81 tilsette ved ATEA tatt ut i streik.

Sympatistreiken  begynte med at BKK, Skagerak Energi, Eidsiva og Troms Kraft blei tatt ut 7. mai. I dag, tysdag, blei streiken trappa ytterlegare opp med utepersonellet til Haugaland Kraft, Statnett og Lyse.