Bilde_parkering_SLADDA

Politiet rykka ut til ulovleg parkering

Tre bilar stod parkert under «Parkering forbode»-skilt nær ambulansestasjonen ved sjukehuset.

– Alvorleg når bilar står parkert i vegen for utrykkingskjøretøy, seier Eivind Asheim, som måtte kjøra opp til parkeringsplassen ved sjukehuset i dag, onsdag, i 11-tida.

Eigarane av to av bilane kom raskt til og flytta bilane, den tredje måtte Asheim ringa til.

Ingen av sjåførane er ilagt bot for feilparkeringa.

På veg tilbake til kontoret kjørte Asheim gjennom sentrum.

– Og der stod det bilar parkert i busslommar og på fotgjengarfelt. Eit typisk problem i Sauda, seier Asheim.

I fjor hadde politiet ein parkeringskontroll i sentrum og fleire bøter blei skrivne ut.

Politibetjenten utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt med ein ny kontroll.