I ettermiddag i dag, tysdag, gjennomfører Sauda brannvesen ei brannøving i Sauda kyrkje.
Dagleg leiar ved Sauda kyrkjekontor, Jon L. Grindheim, forsikrar om at det bare er ei øving, sjølv om det kanskje vil sjå vel ekte ut.
– Dei skal bruka teaterrøyk for å gjera øvinga mest muleg realistisk. Men det er altså ingen reell brann, seier Grindheim.
Brannøvingar i kyrkjebygg er noko lokale brannvesen gjennomfører frå tid til annan.