Skilt legesenter

Faggruppa tilrår felles legevaktsentral

Frå juni fører politikarane diskusjonen vidare.

Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord kommunar snakkar saman om eit mogleg samarbeid innan områda legevaktsentral og øyeblikkeleg hjelp-senger, frisklivssentral, kompetanseteam, rus og psykiatri, utagerande demente og rehabilitering. Faggruppene presenterer sine forslag på eit ope møte i Skakkesenteret i Etne torsdag 20. juni. Deretter tek ei styringsgruppe, der mellom andre ordførarane i dei fire kommunane er representert, over.

– Forslaga skal så ut på ei brei høyring i dei fire kommunane. Håpet er kommunestyrebehandling i desember, seier Aslaug Tangeraas, leiar av samhandlingsprosjektet.

– Faggruppa for området legevaktsentral og øyeblikkeleg hjelp-senger er tydeleg på at kommunane bør gå inn for ein felles legevaktsentral, og dei har veldig mange gode grunngivingar for at det er nødvendig og viktig, opplyser Tangeraas.

Ho er klar over at spørsmålet om legevaktsentral nok er det som opptek dei fleste innbyggarane mest. Mellom grunngivingane frå faggruppa ho viser til står behovet for ei forsvarleg og robust nok legevaktteneste sentralt. Ei stor utfordring i dag, særleg i Sauda, er å dekka opp vaktene døgeret gjennom.

– Ofte er det legar som er ukjende med geografien, systema og rutinane, og det er mest ingen som kan gi dei nødvendig opplæring. Dei må gå lange vakter, eit unntak frå arbeidsmiljølova det no vert slutt på. Og dei må alltid rykka ut åleine, utan å vita kva dei rykkar ut til, skisserer Aslaug Tangeraas situasjonen i dag.

Tangeraas presiserer at eit eventuelt interkommunalt samarbeid om ein legevaktsentral gjeld akkurat det: Legevakt-tilbodet. På dagtid vil innbyggarane framleis oppsøka sitt lokale legekontor.

– Ambulansetenesta og luftambulansen ivaretek akuttberedskapen. Helse Fonna har sagt at dei skal ha same beredskap som i dag, og eventuelt styrka denne. Dei planlegg bygging av nye ambulansestasjonar i fleire av kommunane våre. Legevaktsentralen skal fungera som ein mellomting mellom akuttberedskapen og det som ikkje kan venta til det lokale legekontoret opnar neste morgon, som til dømes eit kutt i ein finger som må syast, viser ho til.

Den nemnde faggruppa seier ifølge Tangeraas ingenting om kor ein eventuell felles legevaktsentral skal ligga. Det er ei politisk avgjerd.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis