*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
STATUS: Åtte politikarar vil ha lokal legevakt i Sauda, seks seier dei vil stemma ja til legevaktalternativet i Ølen. Fem politikarar, av dei tre frå Arbeidarpartiet, ein frå KrF og ein frå V, har ennå ikkje bestemt seg. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Går mot slutten på kirurgisk poliklinikk i Sauda

Avviklar drifta truleg i løpet av hausten.

Det har lenge lege i korta at Helse Fonna avviklar drifta av den kirurgiske poliklinikken i Sauda. I fleire år blei det utført over hundre operasjonar ved kirurgien ved sjukehuset i Sauda, der blant andre dokter Henrik Søiland i si tid regjerte. Men 2008 blei det slutt på dei dagkirurgiske operasjonane, det vil seia operasjonar som krev overnatting, og poliklinikken mista i løpet av eit par år eit tosifra tal tilsette.

Ved årsskiftet 2012/2013 pensjonerte den 76 år gamle urologen Tønnes Østrem seg, etter å ha utført hundrevis av operasjonar i Sauda sidan tidleg på 2000-talet. Dermed var det bare kirurg Knut Svendby igjen. Han har dei siste åra jobba i Sauda annankvar veke.

– Men kun med dagkirurgi, altså mindre operasjonar som fjerning av føflekkar, klumpar og humpar og kirurgi på hender, forklarer Svendby, som har pendla til Sauda sidan 2001.

Det er ikkje bestemt ein dato for når den kirurgiske poliklinikken i Sauda blir lagt ned, men mykje tyder på at det skjer i løpet av hausten. Ein person har av Helse Fonna vore tilsett i full stilling ved poliklinikken.

Svendby, som er 62 år, vil halda fram med å jobba i Haugesund og på Stord.

Les papirutgåva eller last ned eavis