*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

Inviterer til ungdomsdisko

I kveld brakar det laust – også på Ungdomskafeen.

– Kjekt at me kan få til noko for ungdommane også under Saudadagane, seier Hege Michalsen.

Saman med Roger Haraldsen har ho tatt initiativ til å arrangera diskotek for åttande- og niandreklassingar i dag, fredag, og for niande- og tiandeklassingar fredag om ei veke.

– Me foreldre ønsker å engasjera oss og vera ein ressurs for ungane våre. Me har snakka ein del om at det ikkje er så mange tilbod til ungdommar på kveldstid i helgane, men samstundes forventar me ikkje at kommunen skal ta heile dette ansvaret. Nå prøver me  og ser korleis ungdommane liker diskotekarrangementa. Kanskje kan me få til noko meir fast seinare, forklarer Michalsen.

Initiativtakarane kontakta kultursjef i Sauda kommune, Åshild Marie Øverland, som gav dei løyve til å få låna ungdomskafelokala og musikken der, medan fleire foreldre stiller opp som vakter i løpet av dei to kveldane. Sjølve musikkanlegget har foreldregruppa fått lånt av Erik Hovland, som også har ordna med diskolys til kvelden. Det er ungdommane sjølv som vil styra musikkvalet utover diskokveldane.

Nå håpar Michalsen og Haraldsen at både foreldre og ungdommar er positive til diskokveldane og at det blir god stemning og ein kjekk og sosial, og sjølvsagt rusfri, samlingsstad for ungdomsskuleelevane.

– For oss er dette ein måte å sjekka ut kva ungdommen verkeleg ønsker av tilbod. Det er ikkje nok å stilla opp i avisa og klaga over at kafeen blir lagt ned, utan at ein engasjerer seg når det blir oppretta eit tilbod, minnar Michalsen om.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis