sykkel

Spurtoppgjer i sykkelritt

Stordbu spurta best opp Rådhusgata i årets Haugesund-Sauda

I fjor vart Grant Carruthers frå Stord sykkelklubb nummer to i turrittet Haugesund-Sauda. I år stakk han hårfint frå eit felt på 30 ryttarar, mellom dei fleire saudabuar, dei siste metrane opp Rådhusgata  og kunne henta vinnarpokalen med seg heim.

– Godt å vinna, konstaterte han etter å ha lagt 108 kilometer på sykkelsetet bak seg.

Fornøgd karakteriserer han Haugesund-Sauda som eit av dei kjekkaste ritta gjennom sesongen. Sol, behageleg temperatur og medvind, bidrog på plussida både for Carruthers og dei 429 andre syklistane som starta frå Amandasenteret med Sauda som mål.

I kvinneklassen var haugesundskvinna Grethe Lunde først over målstreken. Ho skryt av rittet og av publikumsoppsluttinga – både ute i løypa og ved målgangen i Sauda sentrum, der ryttarane vert jubla fram av ei stor folkemengde.

Les meir i papirutgåva tysdag.