Kraftfull avslutting på ei superhelg

Kraftfull avslutting på superhelg

Saudagane 2013 vart ein samanhengande suksess

100-årsjubilanten Saudefaldene var i fokus då Saudadagane 2013 sundag vart avrunda på Tveittunet. Her samla rundt 250 personar seg i flott sommarver. Direktør Svein Ilstad fortalde om historia til kraftskiftet, og hadde med seg Ingolf Risvoll som viste korleis ein arbeidar var kledd før hamskiftet, som Ilstad kalla det, og Glenn Tore Løland som var iført dagens arbeidsklede og utstyrt med dagens sikringsutstyr og elektroniske dubbedittar. Og Vigdis Eidsvåg og Magnar Birkeland song og spelte.

Stemnet oppsummerte Saudadagane på ein ypparleg måte: Publikum i mengder over alt, topp stemning, flott musikk, sol og varme. Konserten med stjernesamlinga av saudaartistar fredag med 1 400 tilhøyarar vart følgt opp av Hellbillies og Ole Ivars laurdag, der 1 200 livfulle frammøtte fekk full valuta og vel så det for inngangsbilletten.

Etter ei helg som dette må det vera lov å henta fram merkelappen «Tidenes beste Saudadagane».

Les meir og sjå bilete frå arrangementa i papiravisa tysdag.