Grasfattig sommar for jordbruket

Ola Magnar Birkeland kryssar fingrane for at direktesåinga gir resultat.

– Me har nå 20-30 dekar ekstra åker, etter å ha måtta pløya nytt der graset var heilt øydelagt. I tillegg har me direktesådd resten, altså eit par hundre mål, fortel Ola Magnar Birkeland.

Direktesåinga blei gjort 16. mai, og snart vil ein sjå om dette var vellukka.

– Alltid litt ”bingo” med direktesåing. Det er ikkje alltid det gir dei resultata ein ønsker, seier han.

Den første avlinga til Birkeland blir dermed truleg både seinare og noko mindre enn vanleg. Dette kan igjen betyr at han får for lite fôr til dyra komande vinter.

– I verste fall må eg ut på marknaden og kjøpa fôr. Eit problem er at det er ”ringt” med avlingar også andre stader, så ein kan risikera å måtta dra langt for å henta fôret, seier han.

Å ordna seg med færre dyr for å unngå fôrmangel ser han på som heilt uaktuelt.

– Nei, nei, nei. Dyra må me ha. Det har blant anna også å gjera med kvotar og slikt, påpeikar han.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.