260 turnarar på veg til Sauda

For første gong på 31 år blir det arrangert krinsturnstemne i bygda.

– Me gler oss veldig, stadfestar Bodil Sandal, påtroppande leiar i Sauda Turnforening, og leiar av stemnekomiteen som i halvanna år har planlagt storarrangementet i Sauda komande helg.

Det heile startar fredag, då dei tretti første tilreisande turnarane kjem til bygda. Resten, 230 personar, kjem til Sauda med ekstra spesialbåt laurdag føremiddag. Alle blir til sundag kveld.

Sundag vil turnarane gå i tog frå turnhallen, opp ved kyrkja, ned gjennom sentrum og opp til Sauda stadion.

– Alle vil marsjera med fane og med skilt som viser kva klubb dei representerer, fortel Sandal.

På stadion vil turnarane bli presentert av speaker Egil Karbøl, som vil samarbeida tett med musikk- og lydansvarleg for stemnet, Erik Hovland.

Dei 276 turnarane vil fordela seg på seks ulike oppvisningsprogram, alle på seks-sju minutt.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.