Snart ryk det gule ”blåbygget”

Sauda ungdomsskules 55 år gamle hovudbygg er snart historie.

– Kontrakten med entreprenøren Brødr. Selvik as er signert, og mindre førebuande rivearbeid er alt i gang, seier Anders Skaarer, kommunalsjef teknisk i Sauda kommune.

Hovudbygget ved Sauda ungdomsskule blei bygt i to omgangar i åra mellom 1958 og 1962. Politikarane vedtok i 2009 å investera i eit heilt nytt bygg på skuleplassområdet, framfor å bruka fleire tital milionar på å totalrenovera det gamle murbygget. Nå er nybygget snart klart til bruk – og det over femti år gamle murbygget og formingsavdelinga skal rivast. Rivekostnadene ligg på rundt sju millionar kroner.

Dagleg leiar ved Brødr. Selvik as, Rune Selvik, karakteriserer rivinga som ein stor jobb for saudafirmaet.

– Det har nok ikkje blitt utført større rivingsjobbar i Sauda på mange år. Ein spennande jobb, seier han.

Sjølve hovudrivnga vil truleg starta i juli og forhåpentlegvis vera ferdig til elevane kjem til skulestart 15. august.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.