FLUKTBIL: Den grå Audi stasjonsvogn-bilen blei kjørt vekk i 19.30-tida. (Foto: Ingvil Bakka)
FLUKTBIL: Den grå Audi stasjonsvogn-bilen blei kjørt vekk i 19.30-tida. (Foto: Ingvil Bakka)

Fluktbilen fjerna frå Lona

Sju timar etter utforkjøringa blei den vraka Audien kjørt vekk.

Bilen, ein Audi stasjonsvogn, har lege i grøfta sidan klokka 12.30 då ranarane kjørte i grøfta i den krappe høgresvingen i Lona. Den siste lyktestolpen på venstre side av vegen er knekt tvers av.

Ranane forlot bilen til fots, med politiet hakk i hæl.

To personar er pågripne i skogsområde – to andre personar er pågripne andre stader i Sauda.

Det var politihundar som fann dei to som hadde skjult seg ute i terrenget.

Politiet har leita etter ransmennene med store styrkar tungt væpna personell, politihundar og politihelikopter frå Oslo.

Politiet jaktar framleis på fleire, kanskje væpna, gjerningspersonar.