TATT: Den eine av dei to som blei pågripne i skogen blei frakta ut av området i denne bilen. (Foto: Ingvil Bakka)
TATT: Den eine av dei to som blei pågripne i skogen blei frakta ut av området i denne bilen. (Foto: Ingvil Bakka)

Blir framstilt for varetektsfengsling

Dei pågripne er serbarar på 35, 38 og 45 år.

To av dei tre mennene som er mistenkt for å stå bak ranet av Lervik Ur i Heugesund laurdag blir i dag, måndag, framstilt for varetektsfengsling. Den tredje blir framstilt i morgon, tysdag.

Dei pågripne er 35, 38 og 45 år og kjem etter alt og døme frå Serbia.

To av dei tre blei pågripne i skogen ved Kleivane, nær Løyning i 15.30-tida laurdag. Tredjemann blei tatt då han prøvde å sykla forbi lensmannskontoret i Sauda i 21-tida same kveld.

Politiet får nå bistand frå Kripos, blant anna for å få fastsett identiteten til dei tre og finna ut kva tilknyting dei har til Norge.

Det blir også undersøkt om det er ein samanheng mellom ranet i Haugesund laurdag og eit innbrot hos Protid Urmagasinet i Ski kommune natt til fredag. Politiet har overvakingsbilder som viser tre maskerte personar som hamrar seg gjennom hovudinngangen på Ski storsenter. Ransutbyttet skal vera klokker til ein verdi på over ein million kroner.

Kor store verdiar ranarane fekk med seg frå Lervik Ur er førebels ikkje kjent.