Politiet har fått ein ny hund i sin varetekt. Hunden, ein svart/kvit/grå engelsk setter, blei levert inn til politiet i dag, onsdag. Tispa drog på eit tre-fire meter langt tau og hadde tydeleg slitt seg.
– Ho har eit raudt halsband med refleks og eit flåtthalsband på seg, opplyser politistudent Joakim Jørgensen ved Sauda lensmannskontor.
Hunden skal ha blitt funne på Solbrekk.
Politiet ber eigar melda seg.