Hovlandsnuten Opp

Raskast til topps

Heidi Weng forbetra løyperekorden med over to minutt

Heidi Weng sette ein solid løyperekord då årets Hovlandsnuten Opp vart arrangert til seks i stil. Ho kryssa målstreken på nuten på tida43.26, og slo med det den gamle rekorden med 2,13.

– Alltid eit mål å setta rekord. Men at tida mi skulle verta så mykje betre hadde eg ikkje trudd, kommenterer Weng fornøgd.

Ho treivst i løypa i Saudasjøen.

– Ikkje for vått, ikkje for mykje snø, og litt steinete og humpete, det liker  eg, seier ho.

Vinnaren i herreklassen, Torstein Tengsareid frå Egersund IL, kom 16 sekund for seint i mål til å slå løyperekorden for menn på 38.14. Alle dei tre første sprang på under  40 minutt.

– Eg er veldig fornøgd, seier Tengsareid etter sigeen.

Han leiar noregscupen i motbakkeløp og har svært lyst på ein plass på EM-laget seinare i sommar. I så måte medgir han at det var svært viktig å halda Johan Bugge bak seg på resultatlista, noko han altså klarte.

Det uoffiselle deltakartalet var laurdag på like i underkant av 700.

Les meir i papiravisa tysdag.