Ungdommane svara godt for seg

Tiandeklassingane har hatt munnleg eksamen. Det gjekk svært bra.

56 elevar ved Sauda ungdomsskule har vore oppe til munnleg eksamen. Resultatet vart 16 seksarar og eit karaktersnitt på 4,4. Kommunalsjef oppvekst og kultur, Jakob Svandal, er strålande fornøgd. At så mange fekk toppkarakter gledar han stort.

– Likevel: Eg er mykje meir glad for det høge snittet, framhevar kommunalsjefen.

Svandal forklarer at han ville vore bekymra om det var ei gruppe med elevar som plasserte seg heilt i toppen av karakterskalaen og ei stor gruppe som gjorde det dårleg.

– Det er klart, for ein elev kan ein trear på eksamen vera ein veldig god karakter ut frå føresetnadane, legg han til.

Snittet for saudaelevane i engelsk var 4,1, i samfunn 4,6, tysk 4,8, natur og miljø 4,1, norsk 4,1 og RLE 4,7. Det gir altså eit snitt på 4,4.

Jakob Svandal har ikkje oversikta over eksamensresultata elles i Rogaland, men han føler seg trygg på at ungdommane frå Sauda har prestert langt over snittet for fylket under eitt.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.