Ras ved Brudesløret

Store steinar har rast ut på vegen ned til Brudesløret, på utsida av Honganviktunnelen. Steinane har óg rive med seg ein del krattskog. Vegen er sperra med kjegler. Ingen personar vart berørt av raset.

Raset gjekk berre eit kort stykke frå der ein svingar av frå hovudvegen.

Mange turistar set stor pris på å kunna køyra ned den smale vegen på utsida av Honganviktunnelen for å kunna fotografera den storslegne fossen Brudesløret på nært hald.

Også tidlegare har det gått steinras i området. I fjor sommar gjekk eit større ras litt lenger inne på den gamle bilvegen.