– Det er vanskeleg å læra norsk. Videotolking er god hjelp, seier Tiitiin Ali Madobe frå Somalia.
Ho kom til Sauda hausten 2011 og er deltakar i introduksjonstenesta i Sauda og Suldal.
Fleire gonger i månaden deltar ho på fellesmøte der det blir brukt videotolking. Denne forma for tolketenester har blitt gjennomført i Sauda sidan januar i år, og møta blir haldne i Nav sine lokal i Coop-bygget.
Introduksjonsdeltakarane ser og høyrer tolken via ein storskjerm og har mulighet til å stilla spørsmål undervegs.
– Det fungerer bra. Dette er spesielt nyttig når me snakkar om byråkratiske lover og reglar. Det er viktig at deltakarane faktisk forstår det me informerer om, seier Linda Marthinussen, programrådgivar i introduksjonstenesta i Sauda og Suldal.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.