*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ARKITEKT: Max Putzmann er aktitekt frå Peter Zumptors kontor i Haldenstein i Sveits. Nyleg var han i Sauda og godkjente vindauge og dør i servicebygget. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Sakte utvikling i Almannajuvet

Men nå har arkitektane godkjent dør og vidauge i servicebygget.

– Ja, me ligg eit par månader på etterskot. Alt er veldig nøye, teikningar og diskusjonar går att og fram medan tida går. Men nå har me fått dei siste, viktige godkjenningane frå arkitekten, seier Inge Hoftun, byggeleiar i Almannajuvet og leiar av suldalsfirmaet Kon-Sul AS.

Torsdag denne veka var Max Putzmann, arkitekt frå Peter Zumptors kontor i Sveits, i Sauda for å sjå på de ferdiglaga prototypane på dør og vidauge i servicebygget.

– Dei blei godkjente, rett nok med eit par mindre justeringar. Blant anna må ein endra litt på sjølve låsesystemet, forklarer Hoftun.

Nå kan saudafirmaet Weldon AS omsider setta i gang med å produsera vidauge og dør slik at servicebygget blir ferdig der det står i dag, i full storleik i ein plasthall i Saudasjøen.

I sist veke blei det også halde fleire møte mellom byggherre Statens vegvesen og Sauda kommune.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her