*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
GODTAR IKKJE FØRELEGGET: Tapio Heilala vil ikkje gi seg og godtar eit førelegg. Hans advokat, Geir Jøsendal, seier at dei er klare for å gå rettens veg for å bevise Heilala si uskuld. (Arkivfoto: Vidar Eliassen)

Bøtelagt etter medisinbeslag

Åtte månader etter pågripinga har politiet konkludert med å gi Tapio Heilala eit førelegg.

– Ein vits! Politiet har velgt ein enkel utveg for å dekke over at min klient ikkje har gjort noko straffbart, kommenterer Tapio Heilala sin advokat, Geir Jøsendal.

I slutten av oktober blei den dåverande apotekaren ved Boots apotek Sauda pågripen i heimen sin. Politiet gjorde beslag i ei rekke medisinar og sikta Heilala for ulovleg oppbevaring av legemidlar. Nå, åtte månader seinare, er saka ferdigbehandla. Heilala har fått eit førelegg. Dette bekreftar, ifølge Geir Jøsendal, at apotekaren ikkje har brutt lova.

– Eit førelegg betyr at dette er ein bagatell. Politiet prøver å sleppe billeg unna for at dei har jobba både ineffektivt og dårleg. Anten er saka alvorleg, eller så er ho ikkje. Hadde dette vore eit alvorleg lovbrot kunne eg hatt meir forståing for den lange saksbehandlingstida, men her har dei ikkje funne ut nokon ting. Dette er rein sommel, meiner advokaten, som ikkje vil gå i detaljar om storleiken på førelegget.

– Det er nokre få tusenlappar, seier han.

Tapio Heilala godtar ikkje førelegget, noko som betyr at politiet må avgjere om saka skal opp i retten. Viss ikkje blir ho henlagt.

– Viss dei erkjenner at Heilala ikkje har brutt lova er det berre å legge saka død, seier Jøsendal, og legg til at han er klar til ei eventuell rettsak.

– Viss ikkje politiet kryp til korset må vi møtast i retten. Då skal vi påvise, post for post, at Heilala er uskuldig, presiserer advokaten.

Den lange ventetida har vore tøff for Tapio Heilala. Han har tidlegare uttalt i lokalavisa at han går rundt i eit vakum og at den pågåande saka har fått konsekvensar for økonomien hans. Saka har også blitt klaga inn til sivilombodsmannen.