*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
REIN BIL: Brede Wiersen jobbar med straum og kjører elbil i sommar. – Akkurat nå har eg godt miljøsamvit, seier han, som har parkert den bensindrivne audien sin medan han krusar rundt i bilen han vann til fritt bruk i tre månader, ein Nissan 2010-modell.

Vann elbil – i tre månader

Energimontørlærlingen Brede Wiersen kjører rundt i elektrisk bil i sommar.

– Eg blei overraska, ja. Eg er ikkje van med å vinna, vedgår Brede Wiersen.

20-åringen frå Sauda var i begynnelsen av juni i Drammen der han deltok på messa REN Metodedager. Wiersen, som er lærling hos Statnett her i Sauda, og alle dei andre 600-700 deltakarane på messa var med i ei trekking av ein elbil. Saudabuen trudde først at han hadde vunne ein elektrisk bil til odel og eige, og bestemte seg raskt for å selga bilen. Men etterkvart gjekk det opp for han: Han hadde bare vunne bilen til fri bruk i tre månader.

– Så då måtte eg jo bruka bilen, seier han enkelt.

For vel to veker sidan henta han bilen, ein Nissan 2010-modell, hos ein forhandlar i Haugesund. Både bilforhandlaren og Wiersen var usikre på om bilen ville klara å nå heilt inn til Sauda før batteriet gjekk tomt. Men batteriet heldt. Då 20-åringen kom heim var det ennå tre mil igjen ”på tanken”. Nå kjører Brede Wiersen rundt i elbilen i heimbygda. Hans eigen bensindrivne bil, ein Audi 2009-modell, har fått ein liten sommarferie.

– Eg ”luftar” den litt i helgane. Men elles står den parkert nå, ja, seier han.

Til småkjøringa i Sauda treng ikkje elbilen å ladast opp meir enn ein gong på to veker. Ladinga av batteriet gjer han heime, med å plugga bilen til ein straumkontakt.

– Frå tomt til fullt batteri tar det gjerne elleve til tolv timar. Med hurtiglading, på for eksempel Aksdal, tar det bare ein times tid, forklarer han.