Advarer mot bedrageri

Politiet fortel at fleire utanlandske svindlarar opererer i distriktet vårt.

Utlendingane sel gjerne teppe eller tilbyr sliping av verktøy.

Politibetjent Paul Bjarne Foss ber folk halda seg langt unna slike «tilbod».

– Som regel blir det avtalt ein god pris på førehand, og når verktøyet ska leverast tilbake er prisen blitt mykje høgare. Viss ein ikkje går med på prisauken, kjem det ofte trugslar, fortel Foss.

Utlendingane er såkalla kjenningar av politiet.