Skeptisk til pengeinnsamlarar

Politiet advarer mot bøssebærarar.

I går, tysdag, blei politiet varsla om ein pengeinnsamlar som hadde stilt seg opp utanfor ein matbutikk i Sauda. Kvinna var ikledd gul refeksvest og samla inn pengar til den svenske veldedighetsorganisasjonen ”Från hjertan til hjertan”. Politiet oppsøkte kvinna og spurte henne ut om organisasjonen. Sjølv om ho hadde ein slags dokumentasjon på at ho representerte organisasjonen, valde politiet å belaglegga pengebøssa og drog tilbake til kontoret for å undersøka saka nærare.

– Me fann ei heimeside, og sjekka litt rundt. Det er visstnok veldig lett å oppretta slike veldedige organsasjonar i Sverige. Denne organisasjonen seier at dei sjølv reiser ned til Romania og gir pengane direkte, forklarer politibetjent Harald Ramnefjell.

Politiet hadde ikkje meir å gå etter, og saka blei henlagt. Kvinna fekk igjen bøssa si – og pengane. Politiet ber likevel folk vera forsiktige med å gi pengar til slike organisasjonar.

– Det er ikkje sikkert at pengane går dit innsamlarane lovar. Gi heller pengar til Røde Kors eller andre organisasjonar me er trygge på, seier Ramnefjell.