BENT OLSEN - fullført

Til Porsgrunn på sykkelsetet

Ingen trudde at Bent Olsen kom til å klare å sykle frå Sauda til Porsgrunn. Dei tok feil.

Ein litt for stor kjeft førte til at Bent Olsen måtte ta sykkelsetet fatt og komme seg til Porsgrunn på to hjul. Drygt 28 mil på sykkelen blei ein utfordrande tur for karen, men no kan han skryte så mykje han vil. Turen er nemleg gjennomført.

– Eg har jo aldri sykla langdistansar før! Eg eigde ikkje ein sykkel eingong. Men då eg fyldte 50 i fjor kan du jo tenka deg kva eg fekk i presang, fortel 51-åringen poengterande.

Det heile starta med ein god middag på firmaturen Tipp Transport hadde til Kiel. Sjefen, Morten Natedal, hadde fleipa med at han hadde ete så mykje god mat at han burde sykle frå Porsgrunn til Sauda neste gong det skulle vera møte. Det var då Olsen glimta til.

– Då skal eg sykle tilbake, lova han høgtideleg.

Kollegaene let han ikkje gløyme kva han hadde sagt, og ein dag fekk han seg ein overrasking.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte møte sjefen på Djuvastøl fordi han hadde punktert med bilen. Då eg kom opp kom sjefen syklande rundt hjørna, med følgebil og campingvogn på slep. Då visste eg at eg måtte gjennomføre det eg hadde lova, ler Bent Olsen.

– Ingen trudde at eg kom til å klare det. Det gjorde meg bare enda mer bestemt på å klare det. Eg visste at eg kunne få det til, eg er så utruleg sta! Sjølv om eg aldri har trent mykje, så klarte eg det, seier han.

Les meir i papiravisa eller last ned e-avisa