Stavanger Universitetssjukehus opplyser i ei pressemelding at kvinna som vart funnen i hamnebassenget rundt klokka 18.30 fredag kveld, at tilstanden hennar er alvorleg, men stabil.
Yttarlege opplysningar er ikkje offentleggjort, anna enn at kvinna er fødd i 1968.
Kvinna vart funnen i båthamna av forbipasserande, og to menn hoppa uti og fekk henta henne opp, og gjekk i gang med førstehjelp medan dei venta på utrykkingsmannskapa. Helsepersonell, brannvesen og politi kom til plassen, og kvinna vart frakta til SUS i helikopter.
Mannskap har søkt etter fleire personar, men har ikkje funne nokon, og søket er avslutta.