IMG_4627

Livlaus kvinne funnen i båthamna

Ei livlaus kvinne henta opp frå båthamna fredag kveld før klokka sju. Politiet veit enno ikkje kva som er hend.

– Ein forbipasserande i båthamna oppdaga ei livlaus kvinne som låg i vatnet og tilkalla politiet, forklarer innsatsleiar Lasse Rød Hansen.

Ein av dei forbipasserande hoppa uti hamnebassenget for å prøve å hente opp kvinna, men greidde det ikkje åleine. Ein annan forbipasserande kom til hjelp og stupa uti, og saman fekk dei to mennene kvinna opp på land, og starta førstehjelp medan dei held kontakten med AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral).

Etter meldinga rykka både politi og brannvesen ut, og båthamna er midlertidig avsperra.
– Me kom så fort som mogleg. Me kan enno ikkje seie noko om kven det er eller kva som er skjedd, seier han.
Kvinna si tilstand er ukjend, men ambulansar og helsepersonell var på plassen og tok kvinna med til Stavanger i ambulansehelikopter.