Ane_Djuv

Tek doktorgrad i medisin

Ane Djuv var ferdig utdanna lege for eitt år sidan, og er no i gang med doktorgraden sin med disputas til hausten.

– Eg forskar på interaksjonar mellom naturmidlar og legemidlar med disputas til hausten, men for å forklare det litt enklare så spør me oss sjølve om det er bra å blande urte-preparatar med legemidlar, seier ho.

Ane Djuv fortel at det dei siste 20 åra har vore ein stor auke i salet av naturmidlar i både Norge og elles i den vestlege verda. Naturmidlar er noko det har vore lite forsking på, og ein veit ennå ikkje heilt kva biverknadar desse kan ha, særleg om dei blir blanda med medisinar.

– Det viser seg at mange nyttar urter for å behandla ein sjukdom eller for å betre immunforsvaret. Kun legemidlar (medisinar) har dokumentert effekt mot sjukdom og er undersøkt med omsyn til interaksjonar. Ein bør difor tenke seg om før ein blandar godkjende medisinar med urter og andre naturmidlar, opplyser ho.

Les meir i papiravisa eller kjøp e-avisa