Det snart hundre år gamle hotellet i Saudasjøen har no stått for sal i over eitt år. I slutten av mars 2012 kunngjorde driftseigar Aud Hege Hebnes Jørgensen at driftsselskapet Sauda Fjord Hotel AS var begjært konkurs. Midt i juni i fjor vart hotellet offisielt lagt for sal av eigar Jan Reidar Jørgensen, og no har det endeleg skjedd noko.
Jens Brokmann, hotelldirektør ved Raftevold’s Hotel i Sogn og Fjordane, har kjøpt ein del av fjordhotellet, og startar eige driftsselskap.
Den komande daglege leiaren har store ambisjonar for hotellet og lokalsamfunnet.
– Det er viktig for oss å drive samfunnshotell som ikkje berre er til glede for turistane, men óg for Sauda-samfunnet, kunngjer han.
Sauda Fjord Hotel er forventa gjenopna i oktober.
Les alt om saka i fredagsavisa