Friluftsrådet Vest søkte i januar Sauda kommune om støtte til sikring av Klovsteinstjørna som ”friluftslivsområde for allmennheten”, og har fått innvilga 34 000 kroner av direktoratet for naturforvaltning (DNF).
– Kommunen har ein leigeavtale med grunneigarane som går ut i 2020, og me ville søke om støtte så kommunen kanskje kan kjøpe området, opplyser Leiv Arild Berg.
– Innvilginga er for lite til kjøp, men det er flott at DNF er positive til tiltaket. Området er viktig for kommunen, og er eitt av dei mest brukte badeområda me har, seier Berg, som vil halde fram med å jobbe for sikringa og utbetring av området på Storemyr.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.