*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NÆRMAR SEG: Sauda ungdomsskule manglar nokre småting på nybygget og oppussing av uteområdet før alt er heilt ferdig, men Rune Selvik forsikrar at elevane ikkje vil merke mykje til det gjenståande arbeidet.

Nesten klar til skulestart

Sauda ungdomsskule sin store skjønheitsoperasjon er snart ferdig.

I dag, tysdag, vert ungdomsskulen teken i bruk av lærarar, og på torsdag kjem elevane. Sjølv om alt ikkje er heilt klart, er Rune Selvik, dagleg leiar ved Brødrene Selvik, som har utført arbeidet med bygging og riving på skuleområdet, tydeleg på at elevane skal møte ein ny og flott skule med eit ryddig uteområde.

– Me har gjort alt klart til oppstart og bruk, og har gjennomgått det med både rektor og arkitektar, så det skal vere greit å bruke bygga og områda, på trass av småting som ikkje er heilt klare enno, fortel Selvik.
Entreprenørfirmaet har i løpet av det siste året jobba for å gjere Sauda ungdomsskule til ein betre og meir moderne skule.
– Det mest iaugefallande me har gjort i sommar, er rivinga av det gamle «blåbygget» og smia, der kunst og handverk var tidlegare. Desse bygga var framleis i bruk då elevane fekk ferie, så dette vil dei nok merke ekstra godt, seier Selvik.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.