Ved krysset i Saudasjøen der ein køyrer ned til Weldone AS og Sjøen frå hovudvegen, har det i dag vore eit omfattande brot på ein hovudvassleidning.
– Me jobbar med brotet. Det er eit røyr som har sprekt mange meter, opplyser brannmeister Inge Seim.
Mange av dei busette i Saudasjøen står som resultat av dette utan vatn.
– Det gjeld ikkje bebuarar i Svandalen, men både Sandvikåsen, Gausvik og nokre nede i Saudasjøen vert påverka av brotet, forklarer Seim.
Det vert jobba for fullt med å få reparert skaden.
– Me jobbar på for å verte ferdige så fort som mogleg. Me håper sjølvsagt å verte ferdige i løpet av dagen, men me kan ikkje love noko, seier Seim.
Han forsikrar bebuarane om at om vatnet ikkje er på plass i løpet av kort tid, må det finnast ei anna løysing på å få vatn ut til folk.