LEKKASJE: Halvannan time etter at den første lekkasjen var tetta, gjekk alarmen igjen. Store delar av Saudasjøen er nå utan vatn.
LEKKASJE: Halvannan time etter at den første lekkasjen var tetta, gjekk alarmen igjen. Store delar av Saudasjøen er nå utan vatn.

Ny vasslekkasje

Vasslause saudasjøbuarar kan henta vatn på Risvold skule.

Ein vasslekkasje kjem sjeldan åleine. Vassekkasjen onsdag morgon var tetta i 16.30-tida, etter iherdig innsats frå kommunen sine tilsette og Aartun Transport. Men halvannan time etterpå gjekk alarmen igjen. Denne gongen var lekkasjen i den vesle tunnelen under den gamle kyrkjegarden i Saudasjøen. Arbeidsfolka måtte dermed ut igjen og grava.

Ifølge brannmeister Inge Seim er det ikkje uvanleg at ein vasslekkasje avløyser ein annan.

– Me får ein stans i systemet og så, når det skal i gang igjen blir det trykk på gamle sprekker. I tillegg er vassrøyret på denne plassen dekka av veldig dårleg masse, nemleg skoten stein, forklarer han.

Alle husstandar utanfor Svandalskrysset, bebuarar på «tannlegehaugen» og enkelte delar av Saudasjøen sentrum er nå utan vatn. Kor lenge vatnet blir borte er vanskeleg å seia.

– Lekkasjen er på ein vanskeleg plass. Umuleg å seia når alt er iorden. Kanskje i kveld, men det kan også bli lyst igjen før me får orden på det, seier brannmeisteren.

Kommunen har sett opp vasspost på Risvold skule der folk kan få henta vatn. Kommunen vil også låna bort kanner til dei som måtte trenga det.