OPPSTART: Bygginga av den prosjekterte seksmannsbustaden i Fløgstadvegen starta denne veka. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Starta bygginga

Om eitt år skal leilegheitene i Fløgstadvegen 3 vere klare.

Prosjektet med den prosjekterte seksmannsbustaden i Fløgstadvegen starta denne veka. Ekteparet Eva Fløgstad Klimek og Tor Klimek annonserte i vår at dei ville satse på å bygge seks leilegheiter i Fløgstadvegen 3, der ein av dei skulle vere til dei sjølve.

– Grunnarbeidet er i gang no. Me har fem av seks selde, og det var nok det, opplyser Eva Klimek, sjølv om dei tidlegare opplyste at bygginga først starta når alle seks var reserverte.
– Me har ein god dialog med Berge Sag, som skal utføre arbeidet, og me vart einige om å starte bygginga no, fortel ho.

– Byggetida er forventa til å vere eitt år, så neste år får me håpe me er i hus. Det vert flott – håper eg!, seier Eva Fløgstad Klimek med eit smil.

Les meir i papirutgåva eller kjøp e-avisa.