TAPTE: Kristian Stråbø (i blått, nærast kamera) og lagkameratane hans fekk det tøft mot FKH 3 i fotballkampen på Sauda stadion idag, laurdag. Resultatet blei 8-0 til gjestane.
TAPTE: Kristian Stråbø (i blått, nærast kamera) og lagkameratane hans fekk det tøft mot FKH 3 i fotballkampen på Sauda stadion idag, laurdag. Resultatet blei 8-0 til gjestane.

Stortap for A-laget

Blei ein kamp som kun handla om å forsvara seg.

Sauda sitt A-lag i fotball, med trenar Jan-Ove Teig i spissen, ville prøva å retta opp igjen inntrykket etter at dei tapte 8-0 for FKH 3 i ein utsett kamp sist helg.

Det gjekk ikkje heilt etter planen. Resultatet blei identisk då laga møttes i haustens første seriekamp på Sauda stadion i dag, laurdag.

Saudalaget kjempa godt, men hadde meir enn nok med å forsvara seg mot eit ungt og sterkt haugesundslag i ein kamp der det meste skjedde på Sauda sin banehalvdel. Alle forsøk framover blei kontant avbrote av eit effektivt FKH-forsvar.

Stillinga til pause var 0-3 til gjestane, der eitt av måla var eit straffespark. I andre omgang skårte FKH 3 heile fem mål.