*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ISOLERT: Fjella rundt vegen mot Hellandsbygd stenger ute all mobildekking, og er problematisk når ulukka er ute. (Foto: Rune Hocking)

Når omverda vert stengt ute

Det første ein gjer etter ei ulukke er å ringe nødtelefonen. Kva gjer ein når ein ikkje har mobildekking?

Laurdag opplevde Rune Hocking det mange fryktar; han kolliderte med bilen rett før han var komen til Almannajuvet. Men det som rysta han mest er ikkje sjølve bilulukka – den kom han heldigvis uskadd frå.
– Det var ikkje mobildekking, så eg kunne ikkje melde frå om kollisjonen. Eg måtte gå forbaska langt berre for å få inn éin strek på signalet, fortel han frustrert.

– Ja, og kva om det ikkje hadde gått bra? spør Anders Skaarer, kommunalsjef teknisk, retorisk når Ryfylke fortel om Hocking si ulukke.
– Vegsikkerheita er sånn sett vegvesenet sitt ansvar, men på sikt vert det kommunal business med prosjektet i Almannajuvet. Diverre finst det inga kjapp løysing på problemet med mobildekking, seier Skaarer.

– Det er bra med slike innspel. Mobildekkinga i Almannajuvet har vore tema fleire gonger, men no kjem det litt nærare, og me set det på agendaen. Dette bør me få klart så fort som mogleg, avsluttar Anders Skaarer.

Les meir i papirutgåva eller kjøp e-avisa.