*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SOLSKINSHISTORIE: Katrine Wiik var ei av utrulege 243 søkarar som ville jobbe for Jens Brokmann. Med ho som hotellsjeftrainee, folk i alle utlyste stillingar og oppussingsarbeidet planlagt nærmar det seg hotellopning i Saudasjøen.

Arbeidet med fjordhotellet i rute

Med 243 søkarar og ny hotellsjeftrainee ligg fjordhotellet godt an i klargjeringa.

– Me er mannsterke og er godt i rute, seier dagleg leiar, Jens Brokmann.
Målearbeidet startar 2. september, og heile bygget skal få nytt lag farge utanpå, og elles skal tepper, møblar og fliser skiftast ut inne.

Det har vore mykje prat om fjordhotellet si gjenopståing i det siste. Mottakinga av nyheita har vore positiv, og søkartala til dei nye hotellstillingane har vore ekstreme.
– Me har hatt 243 søkarar på dei utlyste stillingane. Det er eit større tal enn eg kan hugse å ha opplevd då eg jobba på hotell på Gardermoen! seier Brokmann, strålande nøgd, og noko overraska.

– Mange vil bort frå kjedehotella fordi dei synest jobben vert for standardisert og upersonleg der. Det viser at folk har tru på hotellet, konseptet, plassen og alt, påpeikar Brokmann.
Ei frå den nye staben på fjordhotellet er Katrine Wiik, som fekk stillinga som hotellsjeftrainee.
– Eg er kjempeglad, dette er veldig spanande! seier ho strålande.

–Eg er óg glad for å få jobbe med Jens og lære av han – eg veit jo kva han har gjort og fått til. Og så er det spanande å få vere med å starte opp fjordhotellet igjen, fortel ho, og vedgår at sjølve arbeidsplassen er midt i blinken.
– Det er jo hotellet, så det er kjekt å få vere her, seier den nye hotellsjeftraineen.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avisa.