– Veldig kjekt å bli valt til ein slik jobb, ikkje minst foran ein fullsett sal, seier Torfinn Opheim.
I juni blei det klart at saudabuen Torfinn Opheim var innstilt som ny leiar for Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK). Denne veka blei landsmøtet halde i Bergen, og igår, torsdag, blei Opheim einstemmig valt til ny leiar av organisasjonen.
Opheim tiltrer stillinga først 1. oktober, etter at han går av som stortingspolitikar etter åtte år for Arbeidarpartiet.
Stillinga som leiar av LVK er ein fulltidsjobb. Opheim ser føre seg at han bur og jobbar i Sauda, men at det blir mykje pendling til hovudstaden.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avisa.