– Me har lenge sett på Sauda som ein spanande marknad, men ikkje våga å ta steget. No gledar me oss stort til å starta i Sauda og håpar at saudabuen kjem innom butikken og handlar hos oss, seier Knut Helland i Ryfylke Bok & IT, som har leigt lokal i bygget til L/L Ryfylke.
Då Coop tidlegare i sommar varsla at elektroavdelinga i Sauda vert lagt ned i haust, bestemte suldalsfirmaet seg for å satsa i nabobygda.
– Ja, me kjøper opp varelageret til Coop elektro og har tilsett to av dei som i dag arbeider der: Oddwar Wiersen og Kari Lise Selfors. Me startar med dei to som tilsette, og supplerer med IT-personell frå Sand. Tre IT-folk vil rullera på å reisa til Sauda, opplyser Helland, som skryt av korleis Coop samarbeider for å legga til rette for ei smidig overtaking av varelageret.
Ryfylke Bok & IT tek mål av seg til å opna den nye butikken i løpet av komande månad. Overtakinga av varelageret til Coop elektro startar i byrjinga av september og klargjeringa av det komande butikklokalet tek til alt komande måndag.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avisa.