*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
INVESTERER STORT: Hetleflåt Eiendom AS, med Karl I. Hetleflåt (til høgre) i spissen, utvidar lokala sine på industriområdet i Saudasjøen. Leigetakar blir HS-Handel, selskapet der han sjølv er dagleg leiar. Erik Husebø og Gunn Orre Hetleflåt utgjer resten av staben i handelsselskapet.

Bygger stort i Saudasjøen

Åtte år etter oppstarten får HS-Handel større og betre plass.

– Per i dag er det slik at me veit at me har varene på lager, me veit bare ikkje kor, seier Karl I. Hetleflåt, dagleg leiar i firmaet HS-Handel.

Dei siste åra har HS-Handel, som har ekspandert kraftig sidan opstarten i 2005, levd eit noko kummerleg brakkeliv på industriområdet i Saudasjøen. Lager og utstilling av til saman rundt 2 000 vareartiklar har vore plassert meir eller mindre tilfeldig der det har vore plass i brakker og garasjar. Firmaet har også verkstad for hydraulikk og lager for olje og gass i området.

– Skal ein satsa, må ein ha tidsriktige lokal. Dette er ei nødvendig investering for å sikra drifta vidare, meiner Hetleflåt.

Hetleflåt Eiendom AS, som eig det store, blå industribygget i Saudasjøen, bygger nå eit nytt 300 kvadratmeter stort bygg vegg-i-vegg. Nybygget får to etasjar, og dermed får leigetakar HS-Handel heile 600 kvadratmeter å boltra seg på.

– Dette bygget skal renoverast. Blant anna skal fasaden få ei oppfrisking, seier Hetleflåt, og viser til at industribygget lenge har vore prega av tidas tann med avskalla blåmaling.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.