*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
DEBATTERER: Arve Kambe (til høgre) er listekandidat for Rogaland Høgre, og stiller til valgdebatt i Sauda Kino på torsdag i lag med dei seks andre partia som har representerte lokallag i Sauda. Her er han fotografert i lag med saudaordførar Frode Sulen. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Klare for valdebatt

Listekandidatar skal diskutere industri og næringsutvikling i Sauda.

Sauda Vekst as inviterer torsdag til valdebatt. Panelet består av listekandidatar frå Rogaland, der Høgre, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Venstre er representert.

– Me har begrensa debattantane til å representere dei sju partia som har lokallag i Sauda, sjølv om det er eit stortingsval. Alle har takka ja, og sender ein listekandidat kvar, opplyser Mette Seim ved Sauda Vekst.
Dei som tek turen inn er, med atterhald om endringar, Arve Kambe (H), Torstein Tvedt Solberg (Ap), Geir Follestad (Sp), Terje Halleland (FrP), Per Kåre Foss (KrF) og Svein Abrahamsen (V). SV har meldt si deltaking, men deira val av representant er enno uavklart.

På programmet er det opplyst at debattens hovudfokus er industriutvikling og rammebetingelsar, næringsutvikling i ein utkantkommune og distriktsutvikling og kompetanseutfordringar.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.