TIL ROPEID: Eit samrøystes samferdsleutval innstiller på at hurtigbåten skal gå mellom Ropeid og
TIL ROPEID: Eit samrøystes samferdsleutval innstiller på at hurtigbåten skal gå mellom Ropeid og

Hurtigbåten vil skyssa elevar og pendlarar

Skuleelevar frå Suldal får følgja hurtigbåten til Ropeid når Sandsfjord bru opnar.

«Hurtigbåten skal anløpe Sand-Ropeid på morgenrute og Ropeid-Sand på ettermiddagsrute. Dette for at elever ved Sauda vidaregåande skule, bosatt i Suldal, og pendlere skal få slippe ekstra lang reisetid. Samferdsleutvalget forutsetter at buss korresponderer med båtene på Ropeid».

Denne einstemmige tilrådinga til fylkestinget vart vedteke av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i møtet i samferdsleutvalet onsdag i førre veke.

Til møtet i samferdsleutvalet la dei to politiske blokkene fram kvart sitt nesten identiske forslag. Dei vart så einige om eit fellesforslag som vart fremma av utvalsleiaren, Ellen Solheim frå Kristeleg Folkeparti.

– Ei viktig sak. Me har eit ansvar for den vidaregåande skulen i indre Ryfylke. Og dei unge skal ha litt fritid utanom skule og reisetid, seier Solheim til Ryfylke, og minnar om at arbeidspendlarar også kan nytta seg av dette tilbodet.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.