*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TAKE A CHANCE ON ME: Helen Djuvik og Arne Austarheim håpar at mange saudabuar har lyst til å bli med på ABBA-prosjektet til koret Trøkk. Planen er konsertar i april neste vår.

Med ABBA som nytt prosjekt

Mamma Mia – her blir det Trøkk!

– Me startar alt komande måndag. Me vil legga vekt på ABBA-hitar med futt og fres i, seier Arne Austarheim, leiar i prosjektkoret Trøkk.

Koret vil øva på ABBA-låtar heilt fram til fleire planlagte konsertar i april neste vår.

Koret hadde stor suksess med Bjørn Eidsvåg-prosjektet, som enda i ein konsert med heile 200 publikummarar og medsongarar ein aprilfredag i vår. Nær tretti songarar var med på øvingane og konserten, i tillegg til bandet som spelte. Det var aldri tvil om at koret vil ta fatt på eit nytt prosjekt, og dei antyda då nokså tydeleg at Queen var eit sterkt ønska tema.

– Men me måtte i så fall leiga inn ein ekstern artist då ingen av oss har stemme som kan synga Freddy Mercury sine låtar. Men det blei for dyrt, forklarer Austarheim.

Dermed valde korleiinga å sjå til Sverige, der ABBA med sine mange hitar med fengande musikk, blei valt som tema på øvingane dei komande åtte månadane fram mot konsertane.

– ABBA fengar folk i alle aldrar. Både dei som kjenner gruppa frå glanstida på 70-talet, men også barn og ungdommar er kjent med låtane etter blant anna Mamma Mia-filmen som kom for nokre år sidan, seier Helen Djuvik, kasserar i koret.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.