VAL 2013: Høgre gjekk mest fram, medan Arbeidarpartiet gjekk mest tilbake. Likevel, Arbeidarpartiet er framleis desidert størst i Sauda med sine 39 prosent av stemmene. Både Høgres Ivar Tangeraas (til venstre) og Arbeidarpartiets Frode Sulen seier at dei er fornøgd etter valet. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
VAL 2013: Høgre gjekk mest fram, medan Arbeidarpartiet gjekk mest tilbake. Likevel, Arbeidarpartiet er framleis desidert størst i Sauda med sine 39 prosent av stemmene. Både Høgres Ivar Tangeraas (til venstre) og Arbeidarpartiets Frode Sulen seier at dei er fornøgd etter valet. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Arbeidarpartiet framleis størst i Sauda

Men Høgre fekk nesten dobbelt så mange stemmer som i 2009.

– Eg er kjempeglad for at Arbeidarpartiet framleis held stand i Sauda. Men eg vil også gratulera Høgre, både lokalt og på landsbasis, med eit godt val, seier Saudas arbeidarpartiordførar Frode Sulen.

Opptellinga etter stortingsvalet 2013 viser at Arbeidarpartiet får 1 083 stemmer i Sauda. Dette utgjer 39 prosent av alle stemmene, men er likevel ein tilbakegang på rundt seks prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet i 2009.

– Me er framleis nesten dobbelt så store som Høgre. Det er eg fornøgd med, seier Sulen.

Høgre fekk nå 561 stemmer frå saudabuen. Dette er 226 fleire stemmer enn i 2009, og gir partiet ei oppslutning på 22,04 prosent i Sauda.

– Eg hadde som mål at me skulle få over tjue prosent i Sauda og eg tippa rundt 28 prosent på landsbasis. Eg traff rimeleg bra på begge, konstaterer ein fornøgd Høgre-leiar Ivar Tangeraas.

Han meiner at tala for Sauda viser at det er i ferd med å bli ei meir ”normalisert” partifordeling som begynnar å likna meir på den nasjonale fordelinga av dei politiske partia.

– Det er i ferd med å skje ei endring i Ap-bastionen her i Sauda. Ap er ikkje lenger så bastante som dei alltid har vore her, meiner Tangeraas.

På landsbasis fekk Høgre 26,8 prosent av stemmene, og saman med Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre får dei eit fleirtal på 54 prosent. Medan den nå avtroppande raudgrøne regjeringa får 40,5 prosent og 72 mandat, får det borgarlege fleirtalet til saman 96 mandat på Stortinget dei komande fire åra. Med dette blir Høgres Erna Solberg ny statsminister i Norge.

– Med Høgre i regjering og Solberg som statsminister vil me få ein heilt annan måte å jobba på. Det vil vera lettare å driva politikken vår og få gjennomslag for våre saker. Dette gir oss inspirasjon til å stå på vidare, meier Tangeraas.

Ordførar Frode Sulen, derimot, er litt småbekymra for framtida, spesielt med tanke på kommuneøkonomien.

– Eg fryktar at kommuneøkonomien blir svakare med borgarleg regjering. Sist dei borgarlege styrte opplevde me lågare statlege overføringar til kommunane. Men, for all del, me veit jo ikkje om dette vil skje nå, men eg er litt bekymra, seier Sulen.

Ivar Tangeraas fnyser av bekymringane til ordføreren.

– Kva er det me har gjort dei siste åtte åra, då? Innstramingar, innstramingar og innstramingar. Eg trur nok at kommunane framleis må snu på skillingane, men eg trur likevel me får ein sunnare økonomipolitikk, seier han.

Les meir om valet i papirutgåva fredag.

Stortingsvalet, Sauda, 2013:

Arbeidarpartiet, 1 083 stemmer – 39,4 prosent

Høgre, 561 stemmer – 20,4 prosent

Framstegspartiet, 417 stemmer – 15,2 prosent

Senterpartiet, 201 stemmer – 7,3 stemmer

Kristeleg Folkeparti, 181 stemmer – 6,6 prosent

Venstre, 104 stemmer – 3,8 prosent

Sosialistisk Venstreparti, 101 stemmer – 3,7 prosent

Miljøpartiet De Grønne, 46 stemmer – 1,7 prosent

Rødt, 14 stemmer – 0,51 prosent

Pensjonistpartiet, 13 stemmer – 0,47 prosent

Piratpartiet, 10 stemmer – 0,36 prosent

De kristne, 8 stemmer – 0,29 prosent

Kristent samlingsparti, 6 stemmer – 0,22 prosent

Demokratene i Norge, 4 stemmer – 0,14 prosent

Blanke stemmer, 18 stemmer – 0,65 prosent

Tvilsomme stemmesetlar , 4 stemmer – 0,14 prosent