*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
GÅVER: Leiar ved Sauda Frivilligsentral IOGT, Mari Austarheim set stort pris på pengehjelpa frå Sauda Vekst, Saudefaldene og Eramet. Frå venstre: Inge Løyning (Sauda Vekst), Svein Ilstad (Saudefaldene) og Synnøve Frøystad (Eramet). (Foto: Linda M. Lie)

Litt hjelp betyr mykje

For givarane merkast pengedonasjonane lite, men for Sauda Frivilligsentral IOGT er gåvene svært kjærkomne.

Faktaboks

– Det har blitt ein trend å tenke vedledigheit, meir enn det ein alt gjer. Vi ser stadig at fleire velger å donere pengar til frivillig arbeid og andre gode føremål, seier direktør i Saudefaldene, Svein Ilstad.

Då Saudefaldene fylte 100 år tidlegare i år fekk dei pengegåver frå både Eramet og Sauda Vekst. Dei to givarane sette imidlertid krav til at pengane skulle brukast til frivilligheit.

– Vi hadde eigentleg ikkje forventa å få gåver, men fekk mykje kjekt. Vi blei glad for alt, men det var ekstra kjekt å få pengar som kunne donerast vidare til frivillig arbeid, synest Ilstad.

Sauda frivilligsentral IOGT får derfor litt ekstra å rutte med framover.

Leiar ved Sauda frivilligsentral IOGT, Mari Austarheim, set stor pris på økonomisk drahjelp.

– Heilt fantastisk. Både kjekt og lovande at bedriftene føler både samfunns- og soasialt ansvar. At dei bruker verkemidlar som dette gjer at hjelpa kjem mange til gode, meiner ho.

I tillegg til 10 000 kroner frå kvar av bedriftene Eramet og Sauda Vekst har vinnaren av Saudefaldene sin HMS-premiering for andre kvartal i år donert gåva si, 300 kroner, til Sauda Frivilligsentral