FORTVILAR: Leiar i Sauda Turnforening, Bodil Sandal, meiner tjuveriet av lagpokalane er eit stort historisk tap for foreininga. (Foto: Ingvil Bakka)
FORTVILAR: Leiar i Sauda Turnforening, Bodil Sandal, meiner tjuveriet av lagpokalane er eit stort historisk tap for foreininga. (Foto: Ingvil Bakka)

Tjuvar tok alle lagpokalane

Turnforeininga er rysta etter frekt innbrot.

– Eg håpar at den eller dei som står bak dette skjønar kor stor historisk verdi dette har for turnforeininga og leverer pokalane tilbake, seier Bodil Sandal, leiar i Sauda Turnforening.

Tjuveriet blei oppdaga måndag kveld då Sandal tilfeldigvis skulle ein tur innom styrerommet etter ei treningsøkt i hallen.

Lensmann Randi Kalvik fortel at politiet gjennomførte åstadgransking i styrerommet natt til tysdag. Både fingeravtrykk og DNA-prøvar er sendt vidare for utsjekking.

– Ei vanskeleg sak, spesielt sidan me ikkje veit når dette kan ha skjedd,seier Kalvik.

Nøyaktig kor mange pokalar som er borte er noko uklart, men truleg dreier det seg om fleire titals. Pokalane vitna om store bragder i turnfoeininga si historie, blant anna frå storhetstida til Alf Nørgaard, Lui Håland, Per Kjellsen og Alfred Pedersen, som blant anna deltok som lag i åtte norgesmeisterskap, og i fleire pokalkonkurransar, cupar og ligaer på førti- og femtitalet. Truleg dreier det seg om pokalar frå rundt 24 meisterskap. I tillegg er pokalane frå bragdene til cheerleadinggruppa Wapz også borte.