– Saudabuen vil nok merka fleire endringar nå som Høgre er i regjeringa. Blant anna vil me satsa endå meir på skule, og me vil gi meir makt til lokaldemokratia, seier Ivar Tangeraas, gruppeleiar for Høgre i Sauda kommunestyre.
På landsbasis fekk Høgre 26,8 prosent av stemmene, og saman med Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre får dei eit fleirtal på 53,9 prosent. Medan den nå avtroppande raudgrøne regjeringa får 40,4 prosent og 72 mandat, får det borgarlege fleirtalet til saman 96 mandat på Stortinget dei komande fire åra. Med dette blir Høgres Erna Solberg ny statsminister i Norge.
– Med Høgre i regjering og Solberg som statsminister vil me få ein heilt annan måte å jobba på med politikken vår, og det vil vera lettare å driva politkken vår og få gjennomslag for våre saker. Dette gir oss inspirasjon til å stå på vidare, meiner Tangeraas.
Ivar Tangeraas minnar om at det er Stoltenberg-regjeringa som legg fram statsbudsjettet for 2014 nå i haust, slik at det kan nok ta ei tid før den komande borgarlege regjeringa får setta sin politikk ut i praksis. Han trur skulepolitikk er eit av områda det truleg vil vera enklast for regjeringspartia å einast om.
– Me vil at det skal stillast høgare krav til å komma inn på lærarutdanninga, og at utdanninga skal vera ei femårig mastergrad. I tillegg ønsker meir pengar til etter- og vidareutdanning av lærarar og meir pengar til forsking, ramsar han opp.
Høgre ivrar også sterkt for at fylkesmannen får innskrenka si makt og at lokaldemokratia får meir ansvar.
– Me vil innskrenka fylkesmannen sine muligheter til å overprøva lokaldemokratiet, blant anna når det gjeld bygging i strandsoner og arealdisponering. Eg ser føre meg at det fort kan skje endringar på desse områda, seier Tangeraas, som har vore kommunestyrerepresentant i Sauda i 14 år.