– Eg var så sint då eg gjekk utpå matta at eg kokte, fortel Hildeborg Juvet Hugdal.
29-åringen deltok i dag, laurdag, i Western European Cup i styrkeløft i Blanque Fort i Frankrike.
Årsaka til sinnet var dommarane, som underkjente fleire av løfta hennar. Etter to underkjente løft i knebøy var det bare så vidt ho fekk godkjent tredjeløftet sitt.
– Eg var så djup at eg hadde baken i golvet. Likevel meinte dei at eg ikkje var djup nok. Siste løftet blei godkjent 2-1, fortel Hildeborg Juvet Hugdal oppgitt.
Frustrasjonen gjorde henne ekstra tent framfor hennar sterkaste øving, benkpress, der ho sette verdsrekord i EM i mai i år med eit løft på 216 kilo.
– Eg sleit med å ta meg saman, og følte at dommarane var ute etter meg, fortel ho om tankane som gjekk gjennom hovudet på henne under konkurransen.
Dermed starta ho uvanleg høgt med eit løft på 207 kilo, som gjekk lett. Deretter auka ho på til 217,5 kilo – 1,5 kilo meir enn verdsrekorden. Løftet blei ikkje godkjent. Tredjeløftet gjekk bra og verdsrekorden var eit faktum.
Ein skade ho pådrog seg i bekkenet for tre veker sidan gjorde at Juvet Hugdal valde å ta det med ro i markløft, der ho fekk andreløftet sitt på 180 kilo som tellande. Dette gav henne 642,5 kilo samanlagt – godt under resultatet på 658,5 kilo under årets EM-konkurranse.
– Eg er sånn passe fornøgd. Eg sette ny verdsrekord og blei ikkje skada, det er det viktigaste. Likevel, eg fekk bare fem av ni løft godkjent. Det irriterer meg enormt, vedgår Hildeborg Juvet Hugdal.
Ingen av dei andre konkurrentane var i nærleiken av råsterke Hildeborg Juvet Hugdal.
Les meir i papirutgåva tysdag.