*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
MÅLRETTA ARBEID: Etter fleire månader med intens jakt på nye legar skal nå kabalen ved Sauda legesenter vere løyst. (Foto: Linda Merethe Lie)

Nye fastlegar på veg til Sauda

Full fastlegedekking frå 1. oktober.

Sauda legesenter har det siste året opplevd stor turbulens, med hyppig utskifting av legar. Det heile toppa seg i vår då heile fem fast tilsette legar sa opp stillingane sine. Etter ein vår, sommar og tidleghaust med nødvendig bruk av vikarlegar, får nå Sauda legesenter ei meir stabil drift med heile fem fastlegar i systemet sitt.

I tillegg er turnuslege Kristine Kaatorp også på plass, og skal jobba i Sauda fram til utgangen av februar neste år. Dokter Win Min Oo har dessutan jobba som tilsynslege ved Sauda DMS og avdeling D, og skal etter planen jobba ut oktober.

Einingsleiar for helssesenteret og hovudansvarleg for legerekrutteringa, Berit Haustavik, fortel om ei letta stemning, både blant kommuneleiinga og blant dei tilsette ved legekontoret.

– Alle vikarane som har vore innom har gjort ein kjempejobb. Nå gler me oss til å få etablera faste arbeidsforhold, sleppa stadige opplæringar og sjå framover og planlegga langsiktig, seier ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.