*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
REKORDGLADE: Mari Austarheim, Ola Breivik og Ågot F. Grindheim jublar over at Sauda i år sette ny ”personleg rekord” i den landsomfattande tv-aksjonen. (Foto: Ingvil Bakka)

Rustar opp til årets tv-aksjon

I år går pengane til demenssaka.

– Ei vikig sak, og ikkje minst ei sak som dei aller fleste av oss har eit sterkt og nært forhold til, anten direkte eller indirekte, seier Mari Austarheim, leiar av Sauda Frivilligsentral.

20. oktober blir årets tv-aksjon arrangert. Dei innsamla midlane vil gå til Nasjonalforeningen for folkehelse og vera øyremerka ”demenssaka”.

I kommunekomiteen som planlegger årets aksjon i Sauda har Austarheim med seg Bodil Sandal og Frode Sulen – og Kathrine Tjordal Ringstrand og Bente Handeland frå demensteamet i kommunen.

– Pengane frå årets tv-aksjon skal gå til både forsking og til frivillig arbeid. I dag fins ingen medisinar som kurerer demens. Heller ikkje er det klare nok forskingsresultat på kva som er årsaka til at enkelte blir demente, seier Tjordal Ringstrand.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.